Oppdatert: 15.des.2009  

Vi sakser fra avisen


Gruvedrifta på Søftestad starta med driftskapital frå m.a. skipsreiarar i Arendal og Bergen, men det er arbeidsfolk frå Nissedal og Treungen som fekk jarnet opp or jorda. Gunnleik Sanden var klubbformann i ei årrekkje og arbeidde i gruva heilt til nedlegginga av Treung-banen satte kroken på døra for Søftestad.

Frå den spede starten kring slutten av fyrste verdskrigen og fram til 1965 har gruvedrifta ved Søftestad i Nissedal vore ei hjørnesteinsverksemd for folk i heile kommunen. Særleg etter drifta kom i gang att i slutten av 30-åra etter å ha lege nede nokre år, blei Søftestad livgjevande for heile kommunen. Jarnmalmen frå Søftestad tok landevegen via jernbanen til Arendal der det blei sendt med skip ut i verda. Og det var nedlegginga av Treung-banen som blei Søftestads "bane" til slutt. Ein av dei som har jobba lengst ved Søftestad er Gunleik Sanden som bur ved Kyrkjebygda. Berre 15 år gamal byrja han september 1939 som "sjeidegut" dvs. ein av dei som plukka gråsteinen frå jernmalmen. Samen med 7-8 andre unggutar og ein vaksen leiar sto dei langs transportbandet og drøymde om den dagen dei skulle "avansere" til gruva.

-Det var berre "gutongar" som jobba i sjeideverket, forklarer Gunleik. Var du 18 år kunne du byrja i gruva med mannfolka. Femogførti øre timen hadde me som sjeidegutar, men du verda kor godt det var for oss å koma i ordentleg arbeid. Det var ein stor dag når du kunne byrja tene pengar.

Å arbeide var noko folk der i kring var vane med, og arbeide hadde Gunleik Sanden, som så mange andre, gjort lenge før han kom til gruva. Alt som ni-åring var han med faren Tarjei i skogen anankvar dag, mest for at faren ikkje skulle væra aleine med det farlege arbeidet, men og for å ta et tak sjølv. Barkespaden var reiskapen han blei mest fortruleg med som liten. Seinare skulle det bli gruvebor.

Gruvedrifta på Søftestad, som var den einaste industriverksemda ved sidan av sagbruket, skaffa arbeid til svært mange i både Nissedal og Treungen. Særleg småbrukarane nytta sjansen til å tene gode pengar, bygge seg hus og utvide gardsdrifta takka vera løna frå Søftestad. Tek ein med alle som var tilknytt drifta og transporten av malmen til jernbanen i Treungen, var det på det meste heile 65 mann i sving, meiner Sanden. I starten var det mange erfarne folk frå Åmdals Verk som fekk arbeid i Søftestad, men etter kvart overtok lokalfolka jobbane. Sjølv fekk Gunleik med lessing av malmen då han fyrst tok til inne i gruva. -Krafse og brett, det var reidskapane tru det eller ikkje, seier han. Et tungt arbeid, særleg når hellinga i gruvegangen gjorde at du måtte løfte brettet høgt for å tømme det i malmvogna. Me hadde ei sentral transportsjakt opp til overflata og fra ho gjekk det tverrgangar på kvar side ca. kvar 50 meter nedover. Inni tvergangane sto lessarane og kappast på kvar si side om å få fylt vogna si fyrst.

Men det var ikkje berre tevlingslysta som dreiv tempoet - arbeidet blei nemleg gjort på akkord. I tillegg var arbeidarane økonomisk ansvarleg for reiskapane sine. Ja, Sanden fortel at dei betalte til og med for bora, dynamittgubbane og luntene! -Ikkje noko gale i det, syntes eg. Ein betalte også berre ein symbolsk pris for dei forskjellige tinga. Poenget var at du blei meir varsam med reiskapane både i bruk og kva du gjorde med dei etter arbeidstida var slutt. Det blei ikkje mange bor som blei borte, nei! I det heile fylgte ein betre med i det ein gjorde under arbeidet, noko som gav gode arbeidsvaner. Under heile driftstida på Søftestad skjedde det berre ei dødsulukke. -Men verneutstyret var det så som så med. Six-pence'en blei for så vidt erstatta etterkvart med vernehjelm, men øyreklokker fants ikkje. Konstant larm i fleire år med å stå tett inntil eit bråkande steinbor har nok gjort sitt med hørselen, vedgår Gunleik.

Etterkvart kom gruva langt inn under Nisser, og vatn rant frå dei 32 mm store borehulla og inn i gruvegangane. Sjølv om pumpene tok unna vatnet, blei ein grundig våt. Temperaturen låg på pluss-sida og var etter det Gunleik fortel ein "fin arbeidstemperatur - passe varmt om vinteren og svalt om sommaren." Gass var det ikkje anna enn frå dynamittsalvene, og det blei lufta godt etter kvart "skot".

- Gruvedrift er ein nifs arbeidsplass etter det mange meiner, men Sanden ser tilbake på årå på Søftestad med gode minner.

- Det var ein god og triveleg arbeidsplass der den daglege leiinga hadde omsut for folka sine. Det trur eg dei fleste som har arbeidd der vil meine. Særleg minnest eg driftsstyrar Jon A. Aamo som kunne vera hard når det trongst, men som aldri bar nag til nokon. Han sytte og for at dei som var uføre blei omplassert i andre jobbar i verksemda til full løn - nokså uvanleg i dei dagane.

- Men som alt anna måtte også gruveverksemda på Søftestad ta slutt. Utgiftene blei høgare og malmen vanskelegare å få tak i etterkvart som gruva åt seg nedover nærmare 500 meter. Då Treung-banen blei lagt ned var det eigentleg den siste spikaren i kista for Søftestad. Sjølv om me hadde fått impulsar om at det gjekk mot slutten kom det likevel brått på då oppseiinga kom midt under ferien i 1965.

- Slutten for Søftestad sette merke etter seg i lokalsamfunnet - det var jo trass alt den største bedrifta i kommunen. Mange reiste på anlegg etter nedlegginga, anten til kraftverkutbygginga eller til bygginga av Fjonevegen. Skogsarbeid var det somme som tok til med, sjølv hadde eg byrja så smått med pelsdyr før den endelege slutten kom. Eg hadde og prøvd meg på anleggs- arbeid eg og, men santå seie treivst eg ikkje med å ha ein bas over meg. Heller ikkje måten arbeidet blei lagt opp til var heilt etter min smak - eg var jo vann med Søftestad-måten som var ei veldig sikker gruvedrift samanlikna med den måten anleggsdrift blei gjort på den tida. Men sjølv om gruvedrifta er borte, står det levedyktige lokalsamfunn att. Tru korleis utviklinga ville gått i Nissedal og Treungen utan gruvedrifta på Søftestad?


CSS Webdesign ©2006 Web Norge