Oppdatert: 15.des.2009  

Noen små klipp



Lavrans Kyrdalen f. 1893:

Eg dreiv mykje med bygningsarbeid. Sette opp mange hus. Minnest at eg tok på meg å rive dei gamle uthusa i prestegarden om lag 1930.
Presten Hoem kom ut og såg til oss, minnest eg. Eg tende pipa der inne i uthuset medan eg reiv, men da sa Hoem: "Ikke noe røyking her".
Seinare på dagen kom han ut sølv med pipa i munnen. Han gløymde seg bort og eg sa til han: "Ikkje noko røyking her". Han respekterte det.
I gruva snikra eg mykje. Lika å arbeide nede i gruva. Der var ikkje kaldt om vinteren. Var omlag 7 grader jamt der. Etter arbeidstid sette eg opp verksta heime. (Der snika Lavrans kvar dag til han var 87 år gamal).


Sigmund Kyrdalen f. 1915:

Dei sto i kø for å få arbeid i gruva då denne kom i gang i 1938-39.
Det var Åmo som delte ut arbeid. Han tok inn på prøve fyrst.
Der var et veldig jag og tempo.
Åmo var menneskleg. Han prøvde å hjelpe dei som trong det.
Men der kunne vere harde forhandlingar om løner. Eg minnest me måtte heilt til Oslo og forhandle med styret om ein 5-øring på timen.
Måtte av og til få forbundet med. Eg måtte med til Oslo fleire gonger.


CSS Webdesign ©2006 Web Norge